Voss barnebunad, gut

Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.

  • Vest

    Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med innfelling av grønt ullklede i front. Vesten er kanta med raude og grøne ullband. Bomullstoff i ryggen.

  • Knebukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede. Den har knesplitt og knelinning med spenne.

  • Lang bukse

    Lang bukse med lukeopning i svart klede.