Vestfold damebunad modell 1956, i farge raud/svart

Vestfold 1956-modellen blei presentert i 1956, og er ei revidert utgåve av 1932-modellen. Ein kan velge mellom raud eller grøn vest. Det som skil bunadane er at 1956-modellen har forkle og silkelue.

Ein kan velge mellom to ulike materiale til forkle: Vevd forkle med striper i ull som er frå Stokke eller brodert kvitt forkle i bomull som er frå Haugberg i Andebu. Cape utan broderi er ytterplagg.

Til denne bunaden er det kvite strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

Måltabell

Måltabell kroppsmål for skjorter til dame (cm)

Størrelse 32 34 36 38 40 42 44 46 48 50
Brystvidde 80 84 88 92 96 100 104 108 112 116
Livvidde 64 68 72 76 80 84 88 92 96 100
Setevidde 86 90 94 98 102 106 110 114 118 122
Ermlengde 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67
Halsmål 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43
21312-B20-110 Vestfold 1956 forkle, kvitt med broderi
21512-0 Vestfold belte
21812-20-2083-BLACK Vestfold 1956 lue, damer
21912-129-190 Vestfold dame 1956 modell, raud/svart
21412-129-190 Vestfold 1956 veske, dame, raud/svart

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på biletet

    Kjolen/stakken er laga i kanvasvevdullstoff. Stakken er svart og vesten er i raudt ullklede. Den har ullband rundt ermehol og rundt halsopning. Nedst på skjørtet er det ei raudtvinna ullsnor og ein innfelt grøn kant. Ei bandbredde opp er det sydd på eit ullband med gult og raudt mønster.

  • Forkle

    Det er to ulike forkle å velge mellom:

    Art. 21312-B26-110: Kvitt forkle i 100% bomull med handbroderi langs kanten nede.

    Art. 21312-200616: Blått forkle med striper, maskinvevd.

  • Belte

    Gult ullband med raudt mønster, same band som er sydd fast nede på skjørtet, blir bruka som belte. Ei sølvspenne blir festa som lås.

  • Veske

    Veska er svart i same materiale som stakken og kanta med ein grøn bise i same farge som vesten.

  • Lue

    Lua er i svart silkebrokade kanta med raudt silkeband og kvite blonder. Lua blir knytt med svart silkeband.

  • Skjorte

    Kvit skjorte i lin med brodering på krage og mansjettar og langs kantane på opninga i front.

  • Cape

    Capet har liggande krage og er laga i same materiale som stakken. Den er fôra med raud ullkanvas. Øm ønskeleg kan ein også velge å snu capet slik at det raude stoffet kjem ut.