Vestfold damebunad modell 1956, i farge grøn/svart

Vestfold 1956-modellen blei presentert i 1956 og er ei revidert utgåve av 1932-modellen. Ein kan velge mellom raud eller grøn vest. Det som skil bunadane er at 1956-modellen har forkle og silkelue.

Ein kan velge mellom to ulike materiale til forkle: Vevd forkle med striper i ull som er frå Stokke eller brodert kvitt forkle i bomull som er frå Haugberg i Andebu. Cape utan broderi er ytterplagg.

Til denne bunaden er det kvite strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på biletet

    Stakken er svart toskaft 129 frå GU og vesten er i grønt vadmel. Den har ullband rundt ermehol og rundt halsopning. Nedst på skjørtet er det ei raudtvinna ullsnor og ein innfelt grøn kant. Ei bandbredde opp er det sydd på eit ullband med gult og raudt mønster.

    Art. Liv- 21212B

    Art. – Stakk – 21912

  • Forkle

    Det er to ulike forkle å velge mellom: 

    Art. 21312-B26-110 Kvitt forkle i 100% bomull med handbroderi langs kanten nede.

    Art. 21312-200616  Blått forkle med striper, maskinvevd.

  • Belte

    Gult ullband med raudt mønster, same band som er sydd fast nede på skjørtet, blir bruka som belte. Ei sølvspenne blir festa som lås.

  • Veske

    Veska er svart i same materiale som stakken og kant med en grøn bise i same farge som vesten.

  • Lue

    Lua er i svart silkebrokade kanta med raudt silkeband og kvite blondar. Lua blir knytt med svart silkeband.

  • Skjorte

    Kvit skjorte i lin med brodering på krage, mansjettar og langs kantane på opninga i front.

    Om ønskeleg kan ein velge kvit skjorte utan broderi i 100% bomull med nuperellar.

  • Cape

    Capet har liggande krage og er laga i same materiale som stakken. Den er fôra med grønt ullkanvas. Øm ønskeleg kan ein også velge å snu capet slik at det grøne stoffet kjem ut.

  • Anna

    Denne bunaden kan også fås i en raud versjon. Alt grønt blir da bytt ut med raudt.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Du kontrollerer dine eigne data Vi og våre forretningspartnarar bruker teknologiar, inkludert informasjonskapslar/«cookies» til å samle informasjon om deg for forskjellige føremål. Ved å trykke «Aksepter alle» gir du løyve til alle desse føremåla. Du kan lese meir om korleis vi bruker informasjonskapslar og annan teknologi, og korleis vi samlar inn og behandlar personopplysningar ved å klikke på lenka.


Nødvendige

Nødvendige informasjonskapslar hjelper med å gjere ei heimeside brukbar ved å aktivere grunnleggande funksjonar, slik som side-navigasjon og tilgang til sikre område av heimesida. Heimesida kan ikkje fungere optimalt utan desse informasjonskapslane.


Funksjonelle

Funksjonelle informasjonskapslar gjer det mogleg å lagre opplysningar som endrar måten heimesida ser ut eller oppfører seg på, t.d. ditt føretrekte språk eller den regionen du oppheld deg i.


Statistiske informasjonskapslar hjelper heimesida sin eigar med å forstå korleis besøkande samhandlar med heimesida ved å samle inn og rapportere opplysningar.


Marknadsførings-informasjonskapslar blir brukt til å spore besøkande på tvers av heimesider. Føremålet er å vise annonsar som er relevante og engasjerande for den enkelte brukaren, og dermed meir verdifulle for utgivarar og tredjeparts-annonsørar.


Uklassifiserte

Vi er i ferd med å klassifisere uklassifiserte informasjonskapslar saman med leverandørane av dei enkelte informasjonskapslane.