Ulvik mannsbunad

Bunaden er basert på draktskikken på midten av 1800-talet; ein viktig tidsepoke for bunadene frå Hardanger. På den tida var jakke og vest prega av både rokokko- og empiremote. Bunaden er kopiert etter ei gamal drakt frå området.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

22214-6146-342 Ulvik Vest, herre
22414-149-190 Ulvik kne bukse, herre
22114-149-190 Ulvik jakke, herre

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede. Den er kanta med grøn bise rundt krage, front, kanten nede og på lommeklaffar.

  • Vest

    Dobbeltspent vest med slag, ståkrage i raudt ullklede. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. På slaga og kragen er det broderi.

  • Knebukse

    Knebukse med knappegylf i svart klede.

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50107 eller 50114. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.