Troms jentebunad med gyllent liv

Jentebunaden er lik damebunaden, som første gong blei presentert på Troms Ungdomsfylkingsstevne i Senjahopen i 1973. I samarbeid med BUL Tromsø starta arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for bunaden i 1967. Vesten til bunaden har utgangspunkt i eit kjoleliv frå Gratangen, og som er på Tromsø Museum. Fasongen på stakken er henta frå ein brudekjole frå Sør-Senja.

Vesten blir levert i fargane i raudt eller gyllent.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på bildet

    Bunaden er i ullstoff med ein rutet effekt av vertikale striper og innfelt fløyelsband på tvers nederst.
    Kjolelivet er i gylden brokade som er eit blandingsstoff av bomull/viskose.

    Bunaden kan enkelt bli justert 1-2 storleikar ettersom jenta veks.
    På overdelen er det lagt inn ekstra sømsmonn i sidesaumar og på skuldre. Skjørtet kan ein justere i folden på opplegget og foldene i midja.

  • Forkle

    Forkleet er i svart mercerisert bomull med kvite, vertikale striper langs ytterkantane og tilsvarande tverrstriper nedst.

  • Skjorte

    Skjorte i kvit bomull med nupereller på krage og mansjettar.

  • Annet

    Fås i str. 2, 4, 6, 8, 10, 12, 14 år.