Troms damebunad m. gyllent liv

Bunaden blei første gong presentert på Troms Ungdomsfylkingsstevne i Senjahopen i 1973. I samarbeid med BUL Tromsø starta ein arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for bunaden i 1967. Vesten til bunaden har utgangspunkt i eit kjoleliv frå Gratangen som er på Tromsø Museum. Fasongen på stakken er henta frå ein brudekjole frå Sør-Senja.

Til denne bunaden kan ein velge mellom kvit skjorte med broderi, eller skjorte utan broderi med nuperellar.

Som ytterplagg blir det brukt cape.

Det er vanleg med halstørkle i ulike fargar, samt svarte strømper og bunadssko til denne bunaden.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk

    Bunaden er i ullstoff med en rutet effekt av vertikale striper og fløyelsband på tvers nedst.

    Kjolelivet er i brokade som i eit blandingsstoff av bomull/viskose. Ein kan velge mellom fargane raudt eller gyllent.

  • Forkle

    Forkleet er i svart mercerisert bomull med kvite, vertikale striper langs ytterkantane og tilsvarande tverrstriper nedst.

  • Cape

    Cape er i svart ulldrape med raudt fôr.

  • Hodeplagg

    Om ein vil, kan ein velge skaut eller lue i svart silkebrokade.