Sunnmøre mannsbunad

Jakka er frå stilen på slutten av 1800-talet. Bunaden blei først utarbeidd på starten av 1900-talet, og er opphavleg frå Stranda. Bunaden blei først teken i bruk i 1920-åra.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

22224-139-650 Sunnmøre mannsbunad, vest
22624-149-190 Sunnmøre mannsbunad, lukebukse kne
22124-149-190 Sunnmøre mannsbunad, jakke

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.

  • Vest

    Dobbeltspent vest utan krage og slag i djupraudt ullklede. Baskerlin i rygg.

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Kvite naturfarga ullstrømper og hoseband art. 50101. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.