Sunnmøre barnebunad gut

Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.

Vestane kan ein sy ut i sidene med 4 cm. Buksene kan bli 6 cm vidare i midja, buksebeine kan forlengast med 2 cm. Ermene på jakka kan forlengast med 1 cm.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.

  • Vest

    Dobbeltspent vest utan krage og slag i djupraudt ullklede. Baskerlin i rygg.

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.