Sunnhordland damebunad, raud vest - Stord

Bunaden blei utarbeidd ved Stord Husflidskule, og bygd på draktskikken frå andre halvdel av 1800-talet. Den var ferdig i 1952 og vart kalla Jentebunad for Stord, Fitjar og Bømlo.
I dag er det kun små detaljar som skiller bunadane frå Stord og Bømlo, medan kvinnebunaden frå Fitjar har videreutvikla sin bunad.
Bunaden frå Stord blir i dag brukt av både koner og jenter. Skilnaden er at jentene har eit brodert belte på ullstoff, medan konene gjerne har sølvbelte.

Vesten er laga i ullstoff og i tre ulike fargar: raudt, blått og grønt. Stakken er i svart eller mørkblått ullstoff. Det fins ulike broderi til bringeduk og belte.

Til forkle kan ein velge mellom brodert forkle i kvitt linstoff eller vevd forkle i ullstoff med 8-blad-rose som motiv.

Som ytterplagg kan ein bruke jakke eller cape i samme stoff som skjørtet.

Svarte strømper og sko høyrer til.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på bildet

    Vesten i raudt ullstoff er kanta med ullband rundt ermer, langs forkant og hals. Ullbanda blir også bruka som dekorasjon i ryggen. Vesten er festa til skjørtet.

    Skjørtet er foldelagt og laga i  svart ullstoff.

  • Forkle i vevd ullstoff

    Forkleet er i ull og har vevd mønster av kvite striper og 8-bladroser. Svart botnfarge til svart skjørt.

  • Forkle brodert

    Forkle i kvit bomull med brodert innfelling i lin.

  • Bringeduk

    Brodert bringeduk med raud bunnfarge i ulike variantar.

  • Belte

    Brodert belte med raud bunnfarge i ulike variantar.

  • Skjorte kvit

    Skjorte i kvit lin med brodering på krage, mansjettar og ved frontopning.

  • Jakke

    Jakken er laga i same farge og materiale som skjørtet. Den er kanta med raude band rundt framkant, halsopning og nede på ermene.

  • Cape

    Capet er laga same farge og materialet som skjørtet og fôra med raudt stoff i ull-kanvas.