Sunnhordland damebunad, blå vest - Stord

Bunaden blei utarbeidd ved Stord Husflidskule, og bygd på draktskikken frå andre halvdel av 1800-talet. Den var ferdig i 1952 og vart kalla Jentebunad for Stord, Fitjar og Bømlo.
I dag er det kun små detaljar som skiller bunadane frå Stord og Bømlo, medan kvinnebunaden frå Fitjar har videreutvikla sin bunad.
Bunaden frå Stord blir i dag brukt av både koner og jenter. Skilnaden er at jentene har eit brodert belte på ullstoff, medan konene gjerne har sølvbelte.

Vesten er laga i ullstoff og i tre ulike fargar: raudt, blått og grønt. Stakken er i svart eller mørkblått ullstoff. Det fins ulike broderi til bringeduk og belte.

Til forkle kan ein velge mellom brodert forkle i kvitt linstoff eller vevd forkle i ullstoff med 8-blad-rose som motiv.

Som ytterplagg kan ein bruke jakke eller cape i samme stoff som skjørtet.

Svarte strømper og sko høyrer til.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Vest og stakk på bildet

    Vesten i blått ullstoff er kanta med ullband rundt ermer, langs forkant og hals. Ullbanda blir også bruka som dekorasjon i ryggen. Vesten er festa til skjørtet.

    Skjørtet er foldelagt og laga i mørkeblått eller svart ullstoff.

  • Forkle

    Her kan ein velge mellom ulike forklede:

    Art.21325-Blå eller Art.21325-svart – Vevd forkle i ullstoff med 8-blad-rose som motiv og smettebord. I nedkant av forkleet er det sydd på raudt band.

    Det er blå bunnfarge til mørkeblått skjørt og svart bunnfarge til svart skjørt.

    Art. 21325-TL-15 – Forkle i kvit lin med handbrodert innfelling i uttrekksaum.

     

     

     

  • Bringeduk

    Handbrodert bringeduk som fins i mange motiv. Det er vanleg å velge same motiv på bringeduk og belte.

  • Belte

    Handbrodert belte som fins i mange ulike motiv. Det er vanleg å velge same motiv på bringeduk og belte.

  • Skjorte kvit

    Skjorte i kvit lin med handbroderi på krage, mansjettar og ved frontopning.

    Om ønskeleg kan ein også velge skjorte med nuperellar utan brodering.

  • Cape

    Cape laga i ull-kanvas i same farge som stakken med raudt ull-kanvas fôr.

  • Jakke

    Jakken laget i same farge og materiale som skjørtet. Den er kanta med raude band rundt framkanten, halsopningen og nede på ermene.