Sunnfjord mannsbunad

Bunaden byggjer på draktmateriale frå store delar av 1800-talet. Jakka har stilhistorisk slektskap med moten på 1700-talet. Bunaden blei utarbeidd av Sunnfjord Ungdomslag med utgangspunkt i gamle plagg som i dag heng på Sunnfjord Folkemuseum. Dei første bunadene blei produsert 1964.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

22131-34303-11 Sunnfjord jakke, herre
22231-34303-10 Sunnfjord vest, herre
22631-34303-9 Sunnfjord kne lukebukse, herre

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, lang jakke utan krage i raudt vadmel.

  • Vest

    Enkelspent olivengrøn vest med ståkrage i vadmel. Ryggen er i naturkvit vadmel. Vesten er kanta med svarte ullband rundt krage og i framkant.

  • Knebukse

    Knebukse med lukeopning i svart vadmel og heilfôra med eit elastisk materiale.

  • Belte

    Korstingbrodert belte med ei brei spenne i messing eller sølv.

  • Til bunaden

    Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50112. Det er vanleg å bruke hatt. Bunaden blir levert med knappar i messing eller sølv.