Sør-Trøndelag mannsbunad
Drakta representerer draktskikken slik den var rundt Røros sist på 1800- talet. Det var Bunadsnemnda i BUL i Nidaros som arbeidde med å få kopiert drakta i 1952–53. Vestestoffet vart spesiallaga for å få så nøyaktig kopi av den gamle vesten som mogleg. I 1983 foreslo Bunad- og folkedraktrådet å bruke dette stoffet, men heile drakta er ikkje lagt fram for eit samla råd.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, lang jakke med ståkrage i svart eller mørkeblå ullklede eller vadmel.
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage og i stripa ullstoff. Baskerlin i rygg.
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart eller mørkblå ullklede eller vadmel.
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i lin eller bomull, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Kvite naturfarga ullstrømper og hoseband art. 50116 eller 50124. Om ein vil, kan ein bruke raud lue til denne bunaden. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.