Sogn mannsbunad - kvit jakke
Bunaden byggjer på klesskikken slik den var i dei midtre og indre delane av Sogn frå første halvdel av 1800-talet. Jakka har røter attende til Streglatrøya på 1500-talet, og vestane har inspirasjon frå empiremoten tidleg på 1800-talet.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Lang, open jakke med ståkrage i kvit vadmel. Den er kanta med svarte ullband.
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede. Baskerlin i rygg. Vesten er kanta med svarte ullband.
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50123 eller 50114.
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.