Gudbrandsdal, Råndastakk jentebunad

Jentebunaden er lik damebunaden. Råndastakken har vore i bruk heilt frå 1830-åra, nord i Gudbrandsdalen, og er ein av dei mest tradisjonsrike bunadane i Noreg. Bunaden fekk namnet frå ordet ”rånd” som betyr stripe. Nede på stakken er det ein hengefall som frå gamalt av var for å skjule mogleg skjøyt i stoffet.

Det fins mange variantar og fargar av forkle. Dei mest vanlege er dei med tverrstriper i fargane kvit og svart.

Det er vanleg med svarte strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk

    Overdelen er laga i raudrutet ullstoff som er fôra med baskerlin. Skjørtet er av stripet ullstoff. Midt på skjørtet er det ein pressabrett, lenger nede på skjørtet er opplegget lagt inn i ein fold. I midja er skjørtet foldelagt heile vegen rundt.

    Bunaden kan enkelt bli justert 1-2 storleikar ettersom jenta veks.
    På overdelen er det lagt inn ekstra sømsmonn i sidesaumar og på skuldre. Skjørtet kan ein justere både i lengda og i midja.

     

  • Forkle

    Forkle i bomull med kvite eller svarte striper.

  • Skjorte

    Skjorte er laga i kvit bomull og har nupereller på krage og mansjettar.

  • Storleik

    Fås i str. 2, 4, 6, 8, 10, 12, 14 år.