Romsdal damebunad, Bolsøy med raudt liv og veske

Tidleg på 1900-talet blei dei første broderte damebunadane frå Romsdal tekne i bruk. Det fins fire ulike bunader frå Romsdal. Bolsøybunaden som er den mest brukte bunaden, blei teikna i 1940-åra av Mali Furunes. Bunaden er inspirert av draktmateriale frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Den første Bolsøybunaden var ferdig i 1947.

Bunaden har vest og skjørt som to separate delar. Vest og skjørt er å få i einsfarga blå, grøn eller med blått skjørt og raud vest.

Som ytterplagg blir det bruka cape i lik farge som skjørtet.

Raude eller mørkeblå strømper og svarte bunadsko høyrer til denne bunaden.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Vest

    Laus vest i ullstoff med brodering i front og bak. Vesten er fôra med baskerlin og blir lukka med hekter i front. Ein kan velge mellom blå eller raud vest.

  • Skjørt

    Blått skjørt i ullstoff med brodering nede på skjørtet. Skjørtet har linning i midja, rynker midt bak og folder i sidene. Det er raud foring nede på innsida av skjørtet for å beskytte broderinga.

  • Veske

    Veske i ullstoff med brodering. Veska skal alltid ha lik farge som vesten. På toppen av veska er det lås i sølv eller tinn som blir festa til linningen på venstre side av skjørtet.

  • Lue

    Blå lue i ullstoff med brodering bak og nuperellar rundt kanten i front. Lua er fôra i baskerlin.

  • Skjorte

    Kvit skjorte i lin med broderi på krage, bærestykke og mansjettar. I front er det ei splittopning.

  • Cape

    Blått cape i same stoff og farge som skjørtet og fôra med raudt stoff i same kvalitet som ytterstoffet.