Romsdal damebunad, Bolsøy blå
Tidleg på 1900-talet blei dei første broderte damebunadane frå Romsdal tekne i bruk. Det fins fire ulike bunader frå Romsdal. Bolsøybunaden som er den mest brukte bunaden, blei teikna i 1940-åra av Mali Furunes. Bunaden er inspirert av draktmateriale frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Den første Bolsøybunaden var ferdig i 1947.
Bunaden har vest og skjørt som to separate delar. Vest og skjørt er å få i einsfarga blå, grøn eller med blått skjørt og raud vest.
Som ytterplagg blir det bruka cape i lik farge som skjørtet.
Raude eller mørkeblå strømper og svarte bunadsko høyrer til denne bunaden.
Produktbeskriving
-
Vest
Laus vest i ullstoff med brodering i front og bak. Vesten er fôra med baskerlin og blir lukka med hekter i front. Ein kan velge mellom blå eller raud vest.
-
Skjørt/stakk
Blått skjørt i 100% ull med handbrodering nede på skjørtet. Skjørtet har linning i midja, rynker midt bak og folder i sidene.
-
Lue
Blå lue i 100% ull-kanvas med handbrodering bak.
-
Skjorte
Kvit skjorte i 100% lin med handbroderi på krage, bærestykke og mansjettar.
-
Annet
Bunaden er også å få i grøn eller rustraud om ønskeleg.