Rogaland Løland damebunad m. beige vest

Bunaden blei laga ut i frå det som var kjent som draktskikk på 1800-tallet. Mønsteret er kopiert frå eit gamalt sjal, som kjem frå Løland i Suldal kommune, og bunaden blei første gang utstilt i 1927 på Stavanger Museum. Tulipanmønsteret er kjent motiv frå rosemalingstradisjonen i Rogaland. Bunader med Løland-mønsteret blei raskt utvikla og teke i bruk rett etter utstillinga i 1927.

Bunaden blir laga i svart ulldrape med mange ulike valgmoglegheiter av brokade på vesten/livet.
I staden for svart belte kan ein bruke sølvbelte.

Cape som ytterplagg.

Til bunaden er det svarte eller raude strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk

    Vesten er laga i brokade, og ein kan velge mellom fleire ulike brokader. Den er kanta med fløyel og sølvband rundt ermehol, halshol og i forkant.

    Stakken er laga i 100% svart ulldrape-materiale.

  • Forkle

    Handbrodert forkle i 100% ulldrape og i same materiale og farge som skjørtet/stakken.

  • Sjal

    Handbrodert sjal i 100% ulldrape og i same materiale og farge som skjørtet/stakken.

  • Lue

    Handbrodert lue i 100% ulldrape og i same materiale og farge som stakken.

  • Veske

    Handbrodert veske i 100% ulldrape og i same materiale og farge som skjørtet/stakken.

  • Skjorte

    Skjorte i kvit 100% lin med handbroderi på krage, mansjetter og langs opninga i front.

    Om ønskeleg kan ein velge skjorte med nuperellar og utan broderi.

  • Belte

    Til belte kan ein velge mellom same materiale og farge som i stakken eller i fløyel.

  • Cape

    Cape i svart eller blå 100% ulldrape med raudt for i ullkanvas.