Rogaland barnebunad gut

Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, jakke i ulldrapé eller klede. Jakka er kanta med raude ullband. Jakka har slag i brokade som skal vare i same farge som vesten.

  • Vest

    Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i brokade. Baskerlin i rygg. Ein kan velje mellom ulike brokadestoff.

  • Knebukse

    Knebukse med lukeopning i svart ulldrapé. Raude biser rundt lukeopning, i sidesaumane, rundt knesplitt og knelinning.