Ringerike damebunad, svart

Bunaden blei skapt på slutten av 1940-talet, men satt i produksjon først i 1954. Fasongen er inspirert av livkjolane frå Gudbrandsdalen som var svært populære i denne tidsperioden. Det var viktig at broderiet hadde lokalt opphav, og dette blei henta fra ein ca. 200 år gamal brodert bord som blir oppbevart på Ringerike Museum.

Bunaden blir levert i fargane svart og blå.
Tilbehør er lue og veske med broderi som på stakken og kvit brodert skjorte.

Til denne bunaden blir det brukt svarte strømper og sko.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

21986-129-190 Ringerike damebunad, blå
21387-129-190 Ringerike damebunad veske, blå
21687-129-190 Ringerike damebunad belte, blå

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på bildet

    Stakken er foldelagt og sydd saman med livet. Livet blir lukka i front med skjulte sølvringar og sølvlenke til snøring. Der er handbroderi på framstykka og på ryggen av livet, samt kanten nede på stakken.

  • Veske

    Veska er handbrodert og har same motiv i broderiet som stakken. Stoffet er i same farge og material som stakken.

  • Skjorte

    Skjorta er handbrodert 100% lin.

    Om ønskeleg kan ein også bruke skjorte med nuperellar og utan broderi.

  • Belte

    Beltet er laga i same materiale og farge som stakken. Her kan ein også velge sølvbelte.

  • Lue

    Lua er håndbrodert og har same motiv i broderiet som stakken. Stoffet er i same farge og material som stakken.