Østfold med grøn vest

Østfold-damebunaden blei først godkjent i 1936 og lansert av Østfold Husflidslag. Utgangspunktet for livet var eit stoffstykke frå Unneberg i Berg ved Halden. Mønsteret på ulldamasken til vesten og broderia på sjal, veske og lue er basert på draktfunn og historiske klede frå Østfold på 1700 og 1800-talet. Bunaden blei i si tid utarbeidd saman med Den Norske Husflidsforening i Oslo.

Tørkleet til bunaden har broderi og er i silkemateriale.

Cape blir bruka som ytterplagg.

Strømper og sko er svarte.

Bunaden blir levert med grøn, raud eller svart vest/liv.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

21964-655-970 Østfold bunad med grønn vest
21564-655-970 Østfold belte grønn
21464-129-950 Østfold veske m/grønn bise

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på bildet

    Vesten er laga i grøn ulldamask og den er sydd fast til stakken.

    Stakken er i svart ullstoff og foldelagt i midjen. Ned på skjørtet et det ein grøn kant i ullstoff og en handbrodert bord i rust.

  • Belte

    Regulerbart belte i svart ullstoff med ei innfelling av grønt ullstoff. Beltet blir festa med ei spenne.

  • Sjal

    Handbrodert svart silkesjal. På den eine sida av sjalet er det ein fargerik brodert bord, og på den andre sida er det brodert ei sørgerose som ein kan bruke dersom eigaren er i sorg.

  • Veske

    Svart handbrodert veske med grøne kantband.

  • Lue

    Svart lue i silkestoff med brodering bak og på sidene.
    Kanta med grøne band.

  • Hårband

    Hårband i svart silkestoff med handbroderi og kanteband i grønt.

  • Skjorte kvit

    Skjorte i kvit lin med brodering på krage, mansjettar og bærestykke.

  • Cape

    Cape i same stoff som skjørtet og fôr i grøn farge.