Numedal mannsbunad
Bunaden kjem frå Nedre Numedal og blir kalla Rundtrøye. Rundt 1870 gjekk ein frå å bruke gråtrøye til å bruke rundtrøye. Bunaden blei vidareført av mange ulike skreddarar som har sett sitt særpreg på den.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, kort jakke med slag i svart ullklede. Broderi underlommeopning og på nedkant av jakke og ermer.
-
Vest
Dobbeltspent vest med slag og utan krage i svart ullklede. Stripete bomullsstoff i ryggen.
-
Bukse
Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.
-
Til bunaden
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50133. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.