Nordmøre mannsbunad
Nordmøre Ungdomslag har rekonstruert mannsbunaden, med god hjelp frå enkeltpersonar og andre lag på Nordmøre. Bunaden byggjer på draktmateriale frå første halvdel av 1800-talet. I tillegg til dei ulike plagga som er funne på Nordmøre, har gamle skrivne og fotografiske kjelder vore til nytte under arbeidet med rekonstruksjonen. Bunad- og folkedraktrådet konkluderte med at alle delane på bunaden var svært godt kopiert frå dei gamle originalplagga.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open jakke med ståkrage og slag.
-
Vest
Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i vadmel eller raud/kvit ulldamask. Baskerlin i rygg.
-
Bukse
Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i blå vadmel. Buksa blir vanlegvis festa med eit belte nede på hoftene.
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50101. Det er vanleg å bruke hatt. Bunaden blir levert med bronseknappar.