Nordland/Troms barnebunad gut

Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.

Vestane kan ein sy ut i sidene med 4 cm. Buksene kan bli 6 cm vidare i midja, buksebeine kan forlengast med 2 cm. Ermene på jakka kan forlengast med 1 cm.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

Produktbeskriving

  • Jakke

    Kort, open jakke med slag og med ståkrage i svart ullklede.

  • Vest - Nordland

    Dobbeltspent vest med slag utan krage i grønblomstra brokade eller raudt ullklede. Grågrønt bomullsstoff i rygg.

  • Vest - Troms

    Dobbeltspent vest med slag utan krage i gul eller raud brokade. Grågrønt bomullsstoff i rygg.

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede.