Nordfjord mannsbunad
Bunaden blei utvikla på starten av 1900-talet, inspirert av draktskikken på 1800-talet. Bunaden er mykje prega av ønska til dei enkelte skreddarane på 1900-talet.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open jakke med ståkrage og slag i svart klede. På kragen er det broderte stikningar med sølvtråd.
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage og v-halsopning i grønt ullklede. På kragen er det broderte stikningar med gulltråd.
-
Lang bukse
Lang bukse med knappegylf eller lukebukse i svart klede.
-
Knebukse
Knebukse med knappegylf eller lukebukse i svart klede.
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50118. Det er vanleg å bruke hatt. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.