Masfjord mannsbunad

Masfjordbunaden har røter attende til første delen av 1800-talet. Bunaden har mange likheitstrekk med bunadene frå Nordhordland. Jakka har utgangspunkt i den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Masfjord har anna design på lommeklaffane og nede på jakkeermet. På vesten er det stikning på kragen og kanteband langs framkanten.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

Måltabell

Måltabell kroppsmål for skjorter til herre (cm)

Størrelse 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Halsmål 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49
Brystmål 92 94 96 98 100 102 104 106 108 110 112 114 116 118 120
Livvidde 81 82 83 84 86 88 90 92 94 96 98 100 102 104 106
Hoftevidde 99 100 101 102 104 106 108 110 112 114 116 118 120 122 124
Ermlengde skuldertopp 61 61.5 62 62.5 63 63.5 64 64.5 65 65.5 65.5 65.5 65.5 65.5 65.5
Håndleddsvidde 19 19.3 19.5 19.8 20 20.3 20.5 20.8 21 21.3 21.5 21.8 22 22.3 22.5
22219-6146-353 Masfjord mannsbunad, vest
22619-149-190 Masfjord mannsbunad, lukebukse kne
22119-149-190 Masfjord mannsbunad, jakke

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag, framkant, lommeklaff, ermsplitt og rundt erme.

  • Vest

    Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med grønt ullklede felt inn i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband.

  • Bukse

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart klede.

  • Til bunaden

    Kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50107. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.