Løken damebunad - kvit

Østfoldbunaden Løken blei ført ut i marknaden av Østfold Bondekvinnelag i 1949. Broderiet er utvikla frå blomstermotiva til eit rosemalt skap frå Lille Løken Gård i Trøgstad og omarbeidd til broderi for bunaden og skjorta. Dei same blomstermotiva kunne ein sjå mange døme på rundt i fylket. Bunadane blir laga i svart, blått eller kvitt ullstoff. Skjorta er i lin med brodering. Til denne bunaden er det cape som ytterplagg, og det er svarte strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

Artikkelnr. 21956-139-100

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk

    Kjolen/stakken blir levert i kvit 100% ullklede.

    Vesten har handbroderi front og på ryggen. Den blir lukka med hekter i front

    Skjørtet er foldelagt i midja og har eit breitt handbroderi nedst.

     

  • Skjorte

    Skjorte i kvit 100% lin med handbrodering på krage, mansjett og frontstykke.

    Om ønskeleg kan ein bruke kvit skjorte med nupperellar og utan broderi.

  • Belte

    Einsfarga belte i same stoff som stakken. Det blir lukka med ei spenne.

  • Veske

    Handbrodert veske i same stoff som stakken.

  • Lue/hårband

    Handbrodert lue i same stoff som stakken.

    Om ønskeleg kan ein velge handbrodert hårband i same stoff som stakken.

  • Cape

    Einsfarga cape i ullklede i same farge som stakken.