Lier herrebunad

Lier kommune oppretta ein bunadskomite i 1980, og bunaden blei ferdig presentert i 1982. Vesten byggjer på ein gamal vest frå Holtmark i Sylling. Tanken var at bunaden skulle vere nøytral kledning bygd rundt vesten. Jakke og bukse har ein del fellestrekk med Hallingbunaden.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, kort jakke med slag og krage i ulldrapé. Kragen er laga i svart fløyel.

    Artukkel nr:

    22104-2441-15 Svart ulldrápe

     

  • Vest

    Dobbeltspent vest med sjalskrage slag utan krage i gråsvart rutet ullstoff. Rygg i ubleikt bomulls lerret.

    Artikkel nr:

    22205-Lier-0 Rutet ullstoff

  • Lang bukse

    Lang lukebukse i svart ulldrapé.

    Artikkel nr:

    22505-2441-15 Svart ulldrápe

  • Knebukse

    Knebukse med luke i svart ulldrapé.

  • Til bunaden

    Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite, naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50114.