Hardanger damebunad med perlebroderi
Hardangerbunad er kanskje den mest kjende bunaden vi har i landet. I ein lengre periode var Hardangerbunaden nærast eit nasjonalsymbol og blei brukt av mange rundt om i Noreg. Dei første bunadane blei laga på midten av 1800-talet og brukt blant voksne kvinner. Bunaden er framleis populær og gir stor fridom i val av tilbehør som kjem i mange variantar.
Den vide opninga som er framme og ned mot midja på vesten gir rom for den flotte broderte bringeduken. Det fins ei rekkje variantar av bringedukar og belter. Dei kan vere brodert, vevd eller perletredd.
I midja har bunaden eit flott belte som anten er i perlebroderi eller i sølvstøler.
Forkle er alltid kvitt med Hardangerbroderi i ulike variantar.
Om ønskeleg kan ein velje hårvippe. Veska er eit produkt som har kome til i ettertid
Det blir brukt svarte eller raude strømper og svarte bunadsko til denne bunaden.
Produktbeskriving
-
Stakk/kjole
Til stoffet på vesten kan ein velge mellom raud eller grønt ullklede, og raudt eller grøn brokade.
Skjørtet blir levert i svart ull-drape eller ull-kanvas.
Det kan velges mellom plissert eller med i folder i livet.
Nede på skjørtet er det påsydd 2 rader med fløyelsbånd.
-
Forkle som vises på biletet
Forkle blir levert i følgande variantar:
Art. 21357-B20-110 Handbrodert forkle laga i bomull med innfelling i lin- broderi.
Art.21357-IL20 Handbrodert forkle i 100% lin.
-
Skjorte
Skjorta blir levert i følgande variantar:
Art. 21757-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med håndbroderi i lin.
Art. 21757-TL15 Kvit handbrodert skjorte i kvit 100% lin.
-
Bringeduk
Til handbroderte bringedukar fins det mange motiv å velge mellom. Bringedukane er som oftast i korsstingsbroderi eller perletredd.
På bildet er bringeduken perletredd for hand.
-
Belte
Handbrodert, perletredd belte. Her fins det fleire motiv å velge mellom. Det er mest vanleg å velge belte i same motiv som bringeduk.
-
Hårvippe
Hårvippa er laga i raudt og kvitt ullbånd som er ferdig fletta.
-
Veske
Veskene er perletredd for hand og laga i same materiale som skjørtet/stakken.
-
Cape
Capet blir laga i svart med raudt fôr i ullkanvas. Det går ned til midten av leggen.