Hamarøy mannsbunad
Bunaden er laga med inspirasjon frå andre bunader knytt til folkedraktskikken. Jakke og bukse har mykje til felles med Nordland- og Tromsbunaden.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Kort, open jakke med ståkrage og slag i brunt ullklede.
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullstoff. Rygg i brunt fôr.
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i brunt ullklede.
-
Til bunaden
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50131 eller 50105. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.