Hallingdal Rutastakk, jente med band
Jentestakken er lik damestakken, men har ei forenkla utgåve når det gjeld val av band og broderi.
Helgastakken er frå Ål og Hol i Hallingdal og er bygd på draktskikkar frå 1700-talet. Denne stakken var brukt til både kvardag og helg. Det var ofte stoffa som avgjorde bruken av plagget. I dag blir stakkane benytta til fest, same kva farge og mønster ein vel.
Det er to ulike variantar av skjorter utan broderi. I livet er det belte i svart skinn med sølvspenne.
Det er svarte strømper og svarte bunadsko til denne bunaden.
Produktbeskriving
-
Kjole/Stakk på biletet
Helgastakken er laga i raudrutet stoff i 100% bomull. Oppe på stakken er det festa eit liv der ein kan velge mellom vevde band og stoff. Sjå bilete.
Nede på skjørtet kan ein velge mellom ulike vevde bordar.
Bunaden kan enkelt bli justert 1-2 storleikar ettersom jenta veks.
På overdelen er det lagt inn ekstra lengde som ein lett kan heve. På skjørtet kan ein justere lengda ved opplegget og vidda ved stripinga/rynkinga oppe. -
Skjorter
Ein kan velge mellom to ulike skjorter:
Art. 24700-B20-110 Kvit skjorte med nuppereller utan broderi i 100% bomull.
Art. 24702-45463-white Kvit skjorte med blomstermotiv i 100% bomull.
-
Veske
Om ønskeleg kan ein velge mellom rutet pompadure-veske i samme stoff som skjørtet, eller svart einsfarga veske i 100% ullkanvas.