Hallingdal Helgestakk, jente svart m. broderi

Jentestakken er lik damestakken, men har ei forenkla utgåve når det gjeld val av band og broderi.

Helgestakken er frå Ål og Hol i Hallingdal og er bygd på draktskikkar frå 1700-talet. Denne stakken var brukt til både kvardag og helg. Det var ofte stoffa som avgjorde bruken av plagget. I dag blir stakkane benytta til fest, same kva farge og mønster ein vel.

Det er to ulike variantar av skjorter utan broderi. I livet er det belte i svart skinn med sølvspenne.

Det er svarte strømper og svarte bunadsko til denne bunaden.

Fleire detaljar om bunaden

Artikkelnr. 24901-129-190

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på biletet

    Helgestakken er laga i 100% ull kanvas. Oppe på stakken er det festa eit liv i brokade som er kanta med vevde band.

    Nede på skjørtet er det ein handbrodert bord. Midja blir markert med eit belte i lær som har ei sølvspenne.

    Bunaden kan enkelt bli justert 1-2 storleikar ettersom jenta veks.
    På overdelen er det lagt inn ekstra lengde som ein lett kan heve. På skjørtet kan ein justere lengda ved opplegget og vidda ved stripinga/rynkinga oppe.

  • Skjorter

    Her kan ein velge mellom to ulike skjorter:

    Art. 24700-B20-11o Kvit skjorte i 100% bomull med nuppereller utan broderi.

    Art. 24704-45463-hvit Kvit skjorte med blomstermotiv i 100% bomull utan broderi.

     

  • Veske

    Om ønskeleg kan ein velge pompadureveske i lik stoff og farge som skjørtet.

     

  • Storleik

    Fås i str. 2, 4, 6, 8, 10, 12, 14 år.