Gudbrandsdal, Råndastakk

Råndastakken har vore i bruk heilt frå 1830-åra, nord i Gudbrandsdalen, og er ein av dei mest tradisjonsrike bunadane i Noreg. Bunaden fekk namnet frå ordet ”rånd” som betyr stripe. Nede på stakken er det ein hengefold som frå gamalt av var for å skjule eventuell skøyt i stoffet. Midt på skjørtet er det ein pressfold.

Det fins mange variantar og fargar av forkle. Dei mest vanlege er dei med tverrstriper i fargane kvit og svart.

Det er vanleg med svarte strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk

    Overdelen er i raudrutet ullstoff og skjørtet er av stripet ullstoff. Midt på skjørtet er det en pressfold og lenger nede på skjørtet er opplegget lagt inn i en hengefold. Standard lengde på stakken  er 85 cm. I midja er det foldar heilt rundt.

  • Forkle

    Her kan ein velge mellom to variantar

    • Forkle i svart tynt stripa ullstoff med striper.
    • Forkle i kvit tynt stripa ullstoff med striper.
    • Forkle i svart bomullsstoff med rosemønster.
  • Skjorte

    Skjorta er laga i kvit bomull og har nuperellar på krage og mansjettar. Splittopning i front.