Gudbrandsdal mannsbunad med kort jakke
Bunaden blei skapt i 1962, og byggjer på draktmateriale frå slutten av 1800-talet. Det finst 3 ulike vester til bunaden og ein velje mellom ulike typer brokader til vestene. Det var vanleg å bruke same stoff i vesten på mannsbunaden og på livet i damebunaden. Bunaden leveres både med lang og kort jakke og bukse.
Ein kan velje ulike brokadestoffer til vestene, se vedlagte bilder.
Produktbeskriving
-
Jakke
Kort, open jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.
-
Vest i rutete stoff
Dobbeltspent raudrutet vest med ståkrage og slag i ullstoff. Baskerlin i rygg. Ein kan også velje å bruke brokade i staden for rutastoff.
-
Vest i brokade
Enkelspent vest i brokade med v-opning utan slag i brokade. Ullstoff i ryggen.
-
Vest med sjalskrage
Enkelspent vest i brokade med sjalskrage i brokade. Baskerlin i ryggen. Ein kan velje mellom ulike fargar på brokaden.
-
Bukser
Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.
-
Til bunaden
Kvit skjorte i lin eller bomull utan
broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50110.
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.