Gauldal barnebunad gut

Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.

Vestane kan ein sy ut i sidene med 4 cm. Buksene kan bli 6 cm vidare i midja, buksebeine kan forlengast med 2 cm. Ermene på jakka kan forlengast med 1 cm.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

Produktbeskriving

  • Jakke

    Open, lang jakke med ståkrage i naturkvitt klede.

  • Vest

    Enkelspent vest med ståkrage og i stripete ullstoff med rosebragdmønster. Baskerlin i ryggen.

  • Knebukser

    Bukse med lukeopning i svart klede.