Romsdal Embetsmannsdrakt, mannsbunad
Embetsmannsdrakt frå Romsdal, er ein kopi av ei mannsdrakt frå 1800-talet som er å finne på Norsk Folkemuseum. Drakta blei laga første gong rett etter krigen, til konsul Jonas Lie, og han ga drakta namnet Embetsmanndrakt.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, lang jakke med ståkrage i raudt ullklede. Jakka er fôra med gult ullfôr som også blir brukt som gul kanting rundt heile jakka, på erme og lommeklaff.
-
Vest
Enkelspent vest med høg ståkrage og v-halsopning i brokade.
-
Knebukse
Knebukse med lukeopning i skinn. Buksa er heilfôra.
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper, og som hoseband foreslår vi art. 50106 eller 50112. Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden. Bunaden blir levert med knappar i messing, tinn eller sølv.