Aust-Agder Åmli mannsbunad
Dagens bunad er ein kopi av gamle draktplagg frå midten av 1800-talet. På garden Askeland i Mykland blei det funne ei svart korttrøye og ein småblomstra brokadevest. Even Paulsen Mykland hadde eigd desse plagga, og dei danna grunnlaget for vest og trøye i dagens bunad.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, kort jakke med slag i svart klede.
-
Vest
Dobbeltspent vest med slag, ståkrage i blomstra svart eller blå brokade.
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.
-
Til bunaden
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50122 eller 50101. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.