Spelemann Sogn barnebunad gut
Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.
Vestane kan ein sy ut i sidene med 4 cm. Buksene kan bli 6 cm vidare i midja, buksebeine kan forlengast med 2 cm. Ermene på jakka kan forlengast med 1 cm.
Produktbeskriving
-
Jakke
Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ulldrapé.
-
Vest
Open vest med ståkrage i raudt ullklede. Baskerlin i rygg.
-
Lang bukse
Lang bukse med lukeopning i svart ulldrapé.
-
Knebukse
Knebukse med lukeopning i svart ulldrapé.