Sogn damebunad med grøn skjorte
Bunaden frå Sogn blei teken i bruk tidleg på 1900-talet og har utgangspunkt i draktskikken som var på 1800-talet og byggjer mest på materiale frå indre Sogn.
Det har blitt laga mange variantar av sognebunader opp gjennom tidene. Den som er mest brukt i dag er den som Olga Berge arbeidde med etter andre verdenskrig. I dag blir denne bunaden kalla for Sognebunaden.
Den broderte borden nede på skjørtet fins i fargane grønt, burgunderraudt eller blått.
Det er to ulike skjorter til bunaden, og ein kan velge mellom kvitbrodert linskjorte, eller grøn silkeskjorte med innfelt brodert halvskjorte og mansjettar i lin. Silkeskjorta blir vanlegvis bruka av vaksne kvinner.
Ein kan velge mellom svart belte eller sølvbelte.
Cape er ytterplagg.
Svarte strømper og bunadsko høyrer til bunaden.
Produktbeskriving
-
Vest
Vesten er laga i brokade av viskose eller silke og fôra med baskerlin. Dei vanlegaste fargane er svart, burgunderraudt eller grønt, men ein kan også velge gult. I forkant og ved ermehol er vesten kanta med svart fløyel. Vesten er sydd fast til skjørtet.
-
Skjørt/stakk
Skjørtet er laga i svart ullstoff og er rynka. Nedst på skjørtet er det ein brodert kant i ei kontrastfarge. Ein kan velge mellom fargane grønt, burgunderraudt eller blått. Skjørtet har ein smal linning i livet som er sydd fast til vesten.
-
Forkle
Forkleet er i ullstoff med ruter og striper vevd inn i fargane raudt, gult og grønt. I midja er forkleet kanta med eit svart silkeband som blir forlenga og knytt bak.
-
Belte
Belte er laga i svart, elastisk fløyel og lukka med ei sølvspenne. Om ønskeleg kan ein også bruke sølvbelte.
-
Veske
Veska er laga i brokade som har same kvalitet og farge som vesten. På toppen av veska er det ein lås i sølv eller tinn som blir festa til linningen på venstre side av skjørtet.
-
Skjorter
Ein kan velge mellom to ulike skjorter til bunaden: kvitbrodert linskjorte eller grøn silkeskjorte med innfelt brodert halvskjorte og mansjettar i lin.
Grøn skjorte i silkeduchess med opning i front som blir knept med sølv- eller tinn- knapper. Skjorta har ikkje krage. Under skjorta blir det bruka ei kvit halvskjorte i lin med brodering på kragen. I tillegg er det lause broderte mansjettar i lin som er festa til skjorta.
Silkeskjorta blir vanlegvis bruka av vaksne kvinner.
Kvit skjorte i lin med svartsaumsbroderi på krage, mansjettar og bringelist.