Sigdal/Eggedal mannsbunad
Bunaden har utgangspunkt i ei steglatrøye frå Sigdal som var vanleg å bruke i mange delar av landet på 1700-talet. Vesten har ein kort empirestil frå starten av 1800-talet. Arbeidet med bunaden blei tatt opp att i 1938. Når det gjeld buksa, har ein teke utgangspunkt i ei brodert skinnbukse.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, fôra jakke med ståkrage og slag i kvitt ullklede. Jakka er kanta med raude ullband i front, rundt krage og ermavslutning.
-
Vest
Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i raudt ullklede. Baskerlin i rygg.
-
Knebukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Buksa har broderi i front på luka.
-
Til bunaden
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50114.