Østfold med raud vest

Østfold damebunad blei først godkjent i 1936 og lansert av Østfold Husflidslag. Utgangspunktet for livet var eit stoffstykke frå Unneberg i Berg ved Halden. Mønsteret på ulldamasken til vesten og broderia på sjal, veske og lue er basert på draktfunn og historiske klede Østfold på 1700 og 1800-talet. Bunaden blei i si tid utarbeidd saman med Den Norske Husflidsforening i Oslo.

Tørkleet til bunaden har broderi og er i silkemateriale.

Cape er bruka som ytterplagg.

Til denne bunaden er det svarte strømper og sko.

Bunaden blir levert med grøn, raud eller svart vest/liv.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

21964-655-670 Østfold bunad med rød vest
21564-655-670 Øsfold belte rød
21464-129-630 Østfold veske m/rød bise

Produktbeskriving

  • Kjole/stakk på bildet

    Vesten er laga i rust ulldamask og blir sydd til stakken.

    Stakken er i svart ullstoff og foldelagt i midjen. Nede på skjørtet er det ein rustkant i ullstoff og ein handbrodert kant i grønt.

  • Belte

    Regulerbart belte i svart ullstoff med innfelling av rust ullstoff. Beltet blir festa med ei spenne.

  • Sjal

    Handbrodert svart silkesjal. På den eine sida av sjalet er det ein fargerik brodert bord, og på den andre sida er det brodert ei sørgerose som ein kan bruke dersom eigaren er i sorg.

  • Veske

    Svart veske med handbroderi og rustkant rundt.

  • Lue

    Svart lue i silkestoff med handbroderi på sidene og bak. Kanta med rustband.

  • Hårband

    Svart hårband i svart silke med brodering. Kanta med rustband.

  • Skjorte kvit

    Skjorte i kvit lin med brodering på krage, mansjettar og bærestykke.

  • Cape

    Cape i same stoff som skjørtet. Det er fôra i same farge som vesten.