Aust-Telemark m. bandkant på skjørt

Denne bunaden blir også kalla Raudtrøyebunad, og er basert på gamle drakter frå 1820 til 1850-åra. Broderiet er basert på mønster frå gamle vadmelstrømper og rosemalingsmønster.

Ytterplagget til denne bunaden er ei kort rød trøye med broderi. Det fins i dag ulike broderivariantar av den trøya.

Skjortene til bunaden fins i mange ulike broderimønster.

Belte til stakken er brikkevevd med ullgarn. Om ønskeleg kan ein også bruke hårvippe i fargar som beltet.

Til bunaden har ein på svarte, raude eller broderte strømper og svarte bunadsko.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

21947-2425-15 Aust-Telemark kjole/stakk
21347-2425-15 Aust-Telemark forkle
21447-2425-15 Aust-Telemark veske

Produktbeskriving

  • Jakke

    Kort raud ulljakke laga i tjukt ullklede med brodering i front, på rygg og nede på ermet. Nede på jakke er det ein brodert kant i svart ullstoff. Jakken er fôra.

  • Kjole/stakk

    Vesten er laga i raudt ullklede med handbroderi på forstykka og på ryggen. Rundt framkant og ermer er vesten kanta i svart ullstoff med handbroderi. Ryggen har to svarte handbroderte dekorband. Stakken er i svart ulldrape. Nedst på stakken er det laga eit «hjul» ut av fire ulike band sydd saman, og som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Det eine bandet er handbrodert.

  • Forkle

    Forkleet er laga i svart ulldrape. Nede på forkleet er det ein handbrodert bord og eit raudt dekorband med handbroderi.

  • Skjorter til denne bunaden

    Her kan ein velge mellom fleire typar:

    Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er bomull eller silke.

    Art. 21747-B20-110  Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i raude fargetonar på krage, mansjettar og i front på bringa.

    Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og i front på bringa.

    Art. 21789-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumbroderi i raude fargetonar på krage, mansjettar og i front på bringa. Mansjetten har ein smalare kant enn på kragen.

    Art. 21790-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i raude fargetonar på krage, mansjettar og i front på bringa.

    Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.

  • Veske

    Handbrodert veske i svart ulldrape som er kanta med ein raud bise. Same broderimotov som på forkle.

     

  • Belte i brikkevev

    Handvevd belte i 100% ull i raude fargar. Beltet blir bretta rundt livet og festa i venstre side. Endane heng ned langs sida. Breidda på beltet er ca. 7 cm.

  • Hårvippe i brikkevev

    Handvevd hårvippe i 100% ull i raude fargar, same som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste har brikkevevd hårvippe i fargar lik beltet.

    Hårvippa kan vere eit laust band som ein sjølv flettar inn i håret, eller ein kan kjøpe ei ferdig fletta vippe som ein festar med hårnåler til håret.