Os barnebunad gut
Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, lang jakke med ståkrage i svart klede.
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt klede og med dobbel innfelt med grønt ullklede i front. Ryggen er baskerlin.
-
Knebukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.