Nordmøre damebunad med kvitt forkle
Denne bunaden er basert på draktskikken frå første halvdel av 1800-talet, og den første bunaden blei lansert på byrjinga av 1900-talet. Bunaden har vore gjennom ein del omarbeidingar og revisjonar.
I 1951 blei ein samde om utsjånad. Først på midten av 1970-talet starta ein med ny revisjon. Den bunaden som blir produsert i dag, blei ferdig godkjent i 1985.
Som forkle kan ein velge mellom kvitbrodert i lin eller rutet ullstoff.
Skjorta er i lin med broderi.
Det fins mange typar vesker til denne bunaden – veska vi har her, er frå ein bunad som blei laga i Ålvundfjorden i 1940.
Som ytterplagg blir det brukt cape.
Til denne bunaden skal det vere svarte eller raude strømper og svarte bunadsko.
Produktbeskriving
-
Kjole/stakk
Stakken er laga i 100% ullkanvas i fargane svart eller mørkeblå. Vesten er laga i raud, blå/grøn ulldamask eller kallemank. Rundt hals og i front er det sydd på band med sølvtråder.
-
Skjorte
Kvit skjorte i 100% lin med brodering på krage, mansjettar og langs opning i front.
-
Forkle
Her kan ein velge mellom:
* Rutet stoff i 100% ull i fargane grøn, svart og raud.
*Hvitt forkle i 100% lin med handbrodert bord nede.
-
Belte
Belte i samme materiale og farge som skjørtet. Om ønskeleg kan ein feste sølvstøler i beltet.
-
Veske
Veske i same materiale og farge som stakken, og med handbrodert blomstermotiv.