Masfjord barnebunad gut
Barnebunaden er lik mannsbunaden, med unntak av at det ikkje er lommer på jakke, vest og bukse. Bunadene blir levert med tinnknappar. Bomullsskjorte utan broderi er tillegg.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag, framkant, lommeklaff, ermsplitt og rundt erme.
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med grønt ullklede felt inn i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband.
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.