Damask-kjole

Damask-kjole frå Gudbrandsdalen har utgangspunkt i dei såkalla livkjolane som var i tradisjonell bruk frå ca. 1830 og framover. Før denne tida var stakk og liv to åtskilde plagg. Denne bunaden blir som oftast levert med skjørt i svart eller blå ulldamask og med fastsydd brokadevest.

Bunaden er utan broderi, men til gjengjeld er det eit stort utval av brokader og fargar å velje blant. Damask-kjol blir med dette personleg og unik ved at ein kan setje saman fargar etter eigne ønske og behov.

Tilbehør til denne bunaden er kvit bunadskjorte med nupereller. Svart veske i same farge og materiale som skjørtet eller som vesten.

Svarte strømper og bunadsko er vanleg til denne bunaden.

Fleire detaljar om bunaden

Leveringstid: 45 dagar

21911-20-5406-blå Damask-kjole

Produktbeskriving

  • Kjole/ stakk

    Kjolen/stakken har mykje til felles med Råndastakken. Vesten er laga i brokadestoff og her kan ein velge mellom mange ulike variantar. Skjørtet er i ulldamask og foldelagt i livet. Opplegget et lagt inn i ein hengefald nede på skjørtet.

     

  • Veske

    Veske kan ein velge å ha i same brokade som vesten eller same ulldamask som skjørtet.

  • Skjorte

    Skjorta er laga i kvit bomull og har nuperellar på krage og mansjettar.