Aust-Telemark, Beltestakk med lilla/cerise band

Kvinnedrakta i Telemark har endra seg gradvis frå 1850 og fram til 1910, og blei etterkvart til det som i dag blir kalla Beltestakk. Frå byrjinga av 1960-talet blei stakken meir og meir brukt, og kopiert frå gamle modellar ein hadde arva. Dette har ført til mange variasjonar av Beltestakken når det gjeld saum og design på forkle, vest og skjorter.

Det som særpregar Beltestakken er det høge livet, noko som gjer at skjørtet blir langt og vesten kort, samt det breie brikkevevde beltet. Nede på stakken er det påsydd eit stivt hjul som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Stoffmaterialet på vesten kan variere mellom einsfarga ullstoff med broderte blomstermotiv, silkebrokader og fløyel. Bordane på forkle er i ullstoff med handbroderte blomstermotiv eller påsydde band i silke- eller ull med ulike fargar og motiv.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Stakk/kjole som vises på biletet

    Vesten er laga i svart silkebrokade og har lilla dekorband i front og på ryggen. Skjørtet er i svart 100% ullkanvas.

     

  • Forkle m/lilla band som vises på biletet

    Forkleet er laga i svart 100% ulldamask og dekorert med ulike lilla og ceriseraude maskinvevde band langs nedkant og på sidene. Forkleband er handvevde band i ull og lin. Fargane er dei same som i beltet.

  • Skjorter som vises på biletet

    Her kan ein velge mellom ulike typar:

    Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er i bomull eller i silke.

    Art. 21749-B20-110 Kvite skjorter i bomull med handbrodert
    korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på
    bringa. Broderia er i same farger som broderiet på vest og forkle.

    Art. 21746-B20-110 Kvit skjorte i bomull med korstinsgbroderi i lin på krage, mansjettar og i front på bringa. Fargane på broderia er i rosa, svart og grønt.

    Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og i front på bringa.

    Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.

  • Belte i brikkevev

    Handvevd belte i 100% ull i lilla eller ceriseraude farger. Det er vanleg med belte i same farger som forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa som på biletet.

  • Hårvippe i brikkevev

    Handvevd hårvippe i 100% ull i fargar som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste vel brikkevevd hårvippe i same fargar som beltet.

    Hårvippa kan vere eit laust band som ein kan flette inn i håret, eller ei ferdig fletta vippe som blir festa med hårnåler til håret.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Du kontrollerer dine eigne data Vi og våre forretningspartnarar bruker teknologiar, inkludert informasjonskapslar/«cookies» til å samle informasjon om deg for forskjellige føremål. Ved å trykke «Aksepter alle» gir du løyve til alle desse føremåla. Du kan lese meir om korleis vi bruker informasjonskapslar og annan teknologi, og korleis vi samlar inn og behandlar personopplysningar ved å klikke på lenka.


Nødvendige

Nødvendige informasjonskapslar hjelper med å gjere ei heimeside brukbar ved å aktivere grunnleggande funksjonar, slik som side-navigasjon og tilgang til sikre område av heimesida. Heimesida kan ikkje fungere optimalt utan desse informasjonskapslane.


Funksjonelle

Funksjonelle informasjonskapslar gjer det mogleg å lagre opplysningar som endrar måten heimesida ser ut eller oppfører seg på, t.d. ditt føretrekte språk eller den regionen du oppheld deg i.


Statistiske informasjonskapslar hjelper heimesida sin eigar med å forstå korleis besøkande samhandlar med heimesida ved å samle inn og rapportere opplysningar.


Marknadsførings-informasjonskapslar blir brukt til å spore besøkande på tvers av heimesider. Føremålet er å vise annonsar som er relevante og engasjerande for den enkelte brukaren, og dermed meir verdifulle for utgivarar og tredjeparts-annonsørar.


Uklassifiserte

Vi er i ferd med å klassifisere uklassifiserte informasjonskapslar saman med leverandørane av dei enkelte informasjonskapslane.