Logo: Solhjell
 Heim › Norske handverkstradisjonar i over 70 år

Norske handverkstradisjonar i over 70 år


I tråd med norske handverkstradisjonar i over 70 år

I 1947 starta Kåre Solhjell opp ein konfeksjonsfabrikk i Molde. Snart hadde Kåre rundt 100 medarbeidarar. Dette var nokre av dei beste skreddarane i Noreg, som hadde høg kompetanse på både manns- og damekonfeksjon. Hovudprodukta var eigne kolleksjonar til herre og dame, og dessutan ulike typar uniformar.

På 1970- og 1980-talet endra norsk tekstil- og konfeksjonsbransje seg med utflytting av produksjon til lågkostland. Fabrikken måtte finne nye måtar å møte den sterke konkurransen frå utlandet. Løysinga blei produksjon av uniformar mellom anna for SAS, Braathens, sjåførar og musikkorps.

På midten av 1990-talet auka konkurransen frå utlandet ytterlegare, og bedrifta måtte nok ein gong omstille både produksjon og kompetanse. Ettersom bedrifta allereie var kjent for solid fagkunnskap, lange tradisjonar og god kvalitet innan produksjon av herreklede, valde dei å satse på nisjane musikkuniformar og mannsbunader (som hadde auka kraftig i popularitet dei siste åra).

Frå tradisjonell konfeksjonsfabrikk til moderne produksjonbedrift av bunader

2001 endra verksemda namn til Solhjell AS. Snart blei fabrikken omgjort til ei moderne produksjonsbedrift, tilpassa dei spesielle metodane som krevst for å produsere bunader. Solhjell sin høge kompetanse på mønsterpassform, målsaum, og leveringsevne medførte at bedrifta i Molde etter kvart blei ein leiande produsent av mannsbunader. 

Samstundes med at konfeksjons- og tekstilbransjen fekk sterk konkurranse frå utlandet, minka også interessa for saum blant norske ungdomar, noko som igjen førte til få moglegheiter til utdanning i Noreg. Dette gjorde det stadig meir krevjande for Solhjell å finne nok fagfolk for å halde produksjonen i gong i Molde, og verksemda måtte igjen sjå på andre moglegheiter for å kunne halde fram. Valet blei å flytte produksjonen ut av Noreg til Estland - eit land med lange og rike folkedrakttradisjonar, dyktige fagfolk og høg kompetanse innan både saum og brodering.

I 2006 nådde Solhjell ein ny milepåle med opninga av ny og moderne produksjonsbedrift i Estland. Etter kvart starta også produksjonen av damebunader. Her blir norske tradisjonar halde i hevd: det blir produsert både manns- og damebunader frå ulike fylke i Noreg. Bedrifta er eit dotterselskap og er eigd av Solhjell AS. 

For å kunne spesialisere seg på bunader, blei produksjonen av musikkuniformer avslutta hausten 2007. Kvar einaste bunad blir sydd etter mål, og i tråd med dei tradisjonane og strenge krava som blir stilt til bunader i Noreg. Det betyr at kvar einaste bunad er ei unik og personleg festdrakt, nøyaktig tilpassa personen som skal bære den. Bunadene vi produserer er gjennomgått og godkjent av lokale bunadsnemder eller andre norske bunadsspesialistar. All brodering blir gjort for hand, og deler av bunaden blir sydd og montert for hand. For Solhjell er det viktig å støtte opp om norsk tekstilindustri, og så sant det er mogleg kjøper vi råvarene til bunadene frå norske produsentar/leverandørar. Nokre råvarer må vi kjøpe frå Europa, ettersom dei ikkje blir produsert i Noreg.

Høg fagkunnskap, god service og eit ønske om å vidareføre norske tradisjonar, er Solhjell sitt varemerke - slik det har vore i over 70 år.


 
Finn forhandlere 
i nærheten av
Søk
Skriv inn postnummer eller sted for å finne nærmeste forhandler.
For å finne nærmeste forhandler, tast inn ditt postnummer i feltet over.