22103-149-190 | Nordland/Troms jakke, herre |
22603-149-190 | Nordland/Troms lukebukse kne, herre |
22203-6146-353 | Nordland rød vest i ulleklede |
Den første bunaden blei laga av folkehøgskulelærar Johs. Eidnes i 1924, ut ifrå bakgrunnsmateriale han hadde samla inn rundt om i Troms og Nordland. Han fekk hjelp av skreddarmeister Cornelius Jakobsen til å sy bunaden.
Bunadsnemnda i Troms Ungdomsfylking og Hålogaland Ungdomslag starta i 1978 å lage saumforklaring og å rekonstruere bunaden, slik at det skulle vere mogleg å skaffe seg ein bunad som var så lik originalen som mogleg. Denne bunaden blir brukt både i Nordland og Troms. For Tromsbunad kan ein velje raud eller gul brokadevest.
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50111, 50104, 50119 (Troms). Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.