Logo: Solhjell
 Heim ›  Herrebunad › Indre Nordhordaland mannsbunad

Indre Nordhordaland mannsbunad

fra 30 434,-
Inkludert i prisen:
22153-149-190 Indre Nordhordaland, jakke
22253-6146-353 Indre Nordhordaland, vest
22653-149-190 Indre Nordhordaland, lukebukse
Prisene er eksklusiv knapper og sølv.
Velg bunadspakke
Legg i ønskeliste
Bestill gratis måltaking
X

Bestill gratis måltaking

Dersom du ikke finner en forhandler nær der du bor, velger du Solhjell bunader.

Produktinformasjon Indre Nordhordaland mannsbunad

Historie

Nordhordland-bunaden har røter til første delen av 1800-talet. Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse. 

Indre Nordhordland har ein anna utsjånad på lommeklaffane på jakke og vest. I tillegg har vesten stikningar på krage og ikkje kanteband i front på vesten.

Jakke

Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag og framkant, og på lommeklaff.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med dobbel innfelling av grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband på krage, i framkant og nede på vesten der det er raudt ullklede.

Bukse

Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

Til bunaden

Kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt og kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50107. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.

Tilbehøyr

Vedlikehold

Bunadsjakke, bunadsvest og bunadsbukse må renses. Ved stryking, benytt dampstrykejern og legge en fuktig klut mellom jernet og plagget for å unngå at det blir glans i stoffet. Strykejernet skal føres lett over bunadsplagget for å unngå skjolder i stoffet. La plaggene tørke godt før de tas på.
Utsyingsmuligheter Bunadsvest og bunadsbukser kan sys ut med opp til 8 cm dersom det er nødvendig, jakke opp til 2 cm. Ved både ut- og innsying, kan du ta kontakt med nærmeste forhandler.
Oppbevaring Bunaden skal oppbevares mørkt og støvfritt i tøypose. Den må ikke oppbevares i plast. Skjorten skal være nyvasket og ustrøket, og også oppbevares i tøypose. Det kan være lurt å putte møllkuler i bunadsposen for å unngå møll.